Bakgrunn for boka
Dra til Kinn og bli rik
Kapittel 1 i boka Kinnakyrkja – lengst vest i havet // Reidar Brandsberg – Styringsgruppa og Flora Historielag
Dra til Kinn og bli rik
Kapittel 1 i boka Kinnakyrkja – lengst vest i havet // Reidar Brandsberg – Styringsgruppa og Flora Historielag
Steinkyrkja på øya Kinn, så langt vest du kan komme i Norge, har gjennom hundreåra vore omspunne av mange myter og spørsmål, utan gode svar. Dei store spørsmåla har vore; Kvifor eit så kostbart bygg kunne bli reist akkurat her, på ei relativt lita øy heilt der ute i havet?
Når vart kyrkja bygd,
kven stod bak byggverket, og kven hadde ressursar nok til å gjennomføre eit slikt prosjekt? Midt på 1800-talet var det så rikt sildefiske rundt Kinn at bønder og fiskarar frå store deler av Vestlandet brukte ordtaket: «Dra til Kinn og bli rik». Truleg kom og gjekk sildestimane også i mellomalderen, som i vår tid. Kanskje var dette ei av årsakene til at den kostbare kyrkja vart bygd der ute?
I nyare tid,
med nye farleier og reisevanar, har Kinnakyrkja kome i grenseland for kommunikasjon og ferdsel. Til tider har ho vore i ferd med å bli tapt av syne i kulturlandskapet, men på 1970-talet kom Odd Stubhaug som ny prest til Flora. Han visste lite om kyrkja ute på Kinn, då han ein fin vårdag i 1974 fekk halde si første gudsteneste der. Leiaren i soknerådet, Sigurd Vederhus som var levande interessert i kyrkja si historie, hadde førebudd han litt. Odd møtte ei fullsett kyrkje av bunadskledde kvinner – sanitetslaga i Sogn og Fjordane hadde årsmøte i Florø denne helga. Dette første møtet med Kinnakyrkja vart «Dra til Kinn og bli rik» ei overveldande oppleving for Odd Stubhaug. – Denne kyrkja kunne ikkje berre ligge her utan å bli brukt, tenkte han. Det måtte skapast aktivitet, slik at andre og mange fleire, fekk oppleve dette vakre kulturminnet.
Det starta med å feire dei gamle merkedagane
i kyrkja, Olsok og Seljumannamesse, frå tida då kyrkja vart bygd. Ei historiehelg med Fridtjof Birkeli vart kopla på. Han fortalde om tidleg kristning av Vestlandskysten. Han hadde mellom anna forska på bakgrunnen for dei mange steinkrossane i ytre Sogn og Sunnfjord, og påverknad av keltisk kristendom før år 1000. Dette meinte Birkeli kunne ha mykje med Kinnakyrkja å gjere.
Men Odd Stubhaug gav seg ikkje med dette.
– Kanskje kunne ein satse på eit kyrkjespel ved den gamle kyrkja? Han fekk med seg teatersjefen ved Sogn og Fjordane teater, Anne Gullestad, og forfattaren Rolf Losnegård. Odd sitt politiske engasjement som medlem i kulturstyret var og med på å korte ned vegen mot ei stor kultursatsing på Kinn – og 5. juli 1985 var det urpremiere på Kinnaspelet: «Songen ved det store djup». Nær 3000 såg spelet dette året. I dag, 38 år seinare, er Kinnaspelet det nest eldste levande historiske spelet i Norge, etter spelet om Heilag Olav på Stiklestad. – Det gamle ordtaket frå dei rike sildeåra heiter i dag: «Dra til Kinn og bli rik på oppleving».
At vi her i føreordet, stansar opp ved Kinnaspelet
som ein viktig del av kyrkja si nyare historie, er mellom anna den rolla spelet har hatt med å løfta Kinnakyrkja fram i lyset. Ikkje minst opplyse lokalmiljøet, distriktet og heile landet om dette verdifulle og unike kulturminnet. Utan Kinnaspelet og dei mange tusen som har sett det, ville truleg kyrkja si historie framleis berre vore for fagfolka og dei mest historieinteresserte. Dette kan ha bidratt til at kommunen og det offentlege, inkludert riksantikvaren, dei seinare åra har opna litt ekstra på pengesekken for å vedlikehalde kyrkja.
Flora Historielag
har i alle år hatt eit sideblikk på Kinnakyrkja. Dei siste 10 åra har historielaget også støtta opp under fleire prosjekt knytt til kyrkja, mellom anna opprusting av Kyrkjestova. Dette vesle, raude huset ved kyrkja erstattar eit sakristi som kyrkja manglar.
Førebuing av forskingsprosjektet
som boka er eit resultat av, starta for over fire år tilbake. Det å få avdekke meir av Kinnakyrkja si dunkle historie har vore eit diskusjonstema i historielaget sitt styre dei siste sju åra.
Det vart difor ny optimisme
og giv i styret, då historielaget via Kolbjørn Nesje Nybø fekk god kontakt med Morten Stige i frå Fabrica kulturminnetjenester, Kjartan Hauglid frå Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) og Øystein Ekroll frå Nidaros domkirkes restaureringsarbeider (NDR). Ei dør opna seg inn til eit konkret prosjekt. No kunne historielaget gå i gong med å planleggje eit sokalla grubleseminar etter mal frå andre liknande kyrkjeprosjekt i Norge. Styret etablerte raskt ei styringsgruppe for prosjektet, med lokale og nasjonale representantar: Reidar Brandsberg, Kolbjørn Nesje Nybø og Oddvar Isene frå Flora Historielag, Erling Bakke Nydal frå Kyrkjeleg fellesråd, Morten Stige og Kjartan Hauglid frå nasjonalt forskarmiljø. Morten Stige er den faglege leiaren for prosjektet.
Flora Historielag vil takke
alle som har støtta opp om dette forskingsprosjektet. Det har vore både lokale og nasjonale institusjonar, verksemder og enkeltpersonar. Institutt for sammenlignende kulturforskning er medutgjevar og har sørga for fagfellevurdering. Dette inneber at artiklane har vore vurdert og kvalitetssikra av fagpersonar innan same forskingsfelt (fagfellar) før dei blir akseptert for publisering.
Denne nettsida er oppretta på bakgrunn av sponsormidler og boksatsinga. TAKK til artikkelforfattarane og alle som har støtta prosjektet.
Norli Amfi Florø
Kinn kyrkjekontor
Flora Historielag
Ved Kinnakyrkja
Pris kr 495
Denne nettsida brukar informasjonskapslar, også kjent som «cookies». Informasjonskapslar vert brukt til å samle informasjon anonymt, for eksempel til web- og brukarstatistikk. Dette bidrar til å betre brukaropplevinga di, og gjer at vi kan lage betre nettsider for deg som besøkande. Ein informasjonskapsel er ei lita tekstfil som blir lagra i internminnet til nettlesaren din. Den inneheld innstillingar og anna informasjon som er brukt på sida du besøker. Når du besøker kinnakyrkja.no, må du samtykke for at vi skal bruke informasjonskapslar i samsvar med erklæringa. Dersom du ikkje ønsker informasjonskapslar, kan du avslå førespurnaden, eller endre innstillingane dine.
GodtaAvslåInnstillingarVi kan be om at informasjonskapslar blir brukt på eininga di. Vi brukar informasjonskapslar for å vite når du besøker nettstaden vår, korleis du samhandlar med oss, for å forbetre brukaropplevinga og for å tilpasse forholdet ditt til nettstaden vår. Klikk på dei ulike kategorioverskriftene for å få meir informasjon. Du kan óg endre nokre av preferansane dine. Ver merksam på at blokkering av visse typar informasjonskapslar kan påverke opplevinga di på nettstaden vår og tenestene vi kan tilby.
Essensielle informasjonskapslar er strengt nødvendige for å tilby deg tenester som er tilgjengelege på nettsida vår og for å bruke nokre av funksjonane.
Sidan desse informasjonskapslane er strengt nødvendige for å levere ei nettside, vil avslag på dei påverke korleis nettstaden vår fungerer. Du kan alltids blokkere eller slette informasjonskapslar ved å endre nettlesarinnstillingane dine og tvinge blokkering av alle informasjonskapslar på denne nettstaden. Men det betyr at når du besøker nettstaden vår på nytt vil den alltid be deg akseptere eller avvise informasjonskapslar.
Vi respekterer om du vel å avvise informasjonskapslar, men for å unngå å spørje deg igjen og igjen, ber vi deg tillate oss å lagre ein informasjonskapsel for dette. Du kan når som helst velje vekk eller velje inn andre informasjonskapslar for å få ei betre oppleving. Dersom du avviser informasjonskapslar, vil vi fjerne alle informasjonskapslar i domenet vårt.
Vi gir deg ei liste over lagra informasjonskapslar på vårt domene, slik at du kan sjekke kva vi har lagra. Av sikkerheitsårsaker kan vi ikkje vise eller endre informasjonskapslar frå andre domene. Du kan sjekke dette i sikkerheitsinnstillingane til nettlesaren din.
Desse informasjonskapslane samlar inn informasjon som anten blir nytta i ei samla form for å hjelpe oss med å forstå korleis nettsida vert brukt, kor effektive marknadsføringskampanjane våre er, eller for å hjelpe oss med å tilpasse nettsida og applikasjonen vår for å forbetre opplevinga.
Dersom du ikkje ønsker at vi sporar besøket ditt på nettstaden vår, kan du deaktivere sporing i nettlesaren din her:
Vi bruker også ulike eksterne tenester som Google Webfonts, Google Maps og eksterne videoleverandørar. Sidan desse leverandørane kan samle inn personleg data som IP-adressa di, gir vi deg moglegheit til å blokkere dei her. Ver merksam på at det kan redusere funksjonaliteten og utsjånaden til nettstaden vår betydeleg. Endringar vil tre i kraft når du lastar inn sida på nytt.
Innstillingar for Google Webfont:
Innstillingar for Google Maps:
Innstillingar for Google reCaptcha:
Videovisning frå Vimeo og Youtube:
Du kan lese detaljert informasjon om informasjonskapslar og personverninnstillingar på personvernsida vår.