• Velkommen til øya Kinn

    Opplev Kinn - kinnakyrkja.no

Slik reiser du til Kinn

Det går rutebåt frå Florø til Kinn, med stogg på fleire øyer undervegs. Det går fem båtruter  til Kinn kvar dag, frå måndag til fredag. Laurdag og søndag går det to båtruter. Om sommaren går det ekstra turistruter.

  • Turistruter om sommaren

    I sommersesongen – frå slutten av juni til august går det ekstra turistrute frå Florø mån/tys/tor/fre kl. 11.35 og ons/lau kl.10

    Du finn meir informasjon på entur.no // appen ENTUR eller skyss.no // appen SKYSS

    Billettkjøp på kaia eller om bord

  • Kinn er stjernestopp

    Mannskapet på båten må vite på førehand om dei skal hente deg på Kinn. Du må ringe båten før den går frå Florø, slik at du får vere med når den returnerer frå Kinn.

    Tlf. til båten:  entur.no // finn di reise // vis detaljer

    Dagning 475 16 555 // Frey 916 81 268 // Trym 916 81 269

Kapittel 9 båt - kinnakyrkja.no

Opa kyrkje // tidebøn

kinnakyrkja.no - Kinn kyrkje, interiør, Kinn kirke

keltisk-kors

Frå 19. juni og til 31. august 2024
vil kyrkja vere opa slik at ein kan ha ei stille stund og sjå seg omkring der.

Eit frivillig vertskap som held til i Kyrkjestova/ kyrkja tek imot deg og er med deg i kyrkja.

OPNINGSTID:
Kvardagar frå kl 13.30 til kl 19.00.
Laurdag frå klokka 11.30 til 14.30.
Søndag frå klokka 15.30 til 19.00.
Er det vertskap på staden utanom denne tida, opnar dei gjerne opp for deg.

TIDEBØN
– liturgiske bøner knytta til bestemte tider av døgnet
Kvardagar klokka 13.30 og 19.00.
Laurdag klokka 13.00.
Søndag klokka 1900.
Tidebøn varer i om lag tjue minutt.
Velkommen til å vere med!

Ut på tur på Kinn

Øya Kinn ligg lengst vest i havgapet utanfor Florø – i Kinn kommune. Her finn ein mellom anna den karakteristiske Kinnaklova, men øya har også mange andre spennande turmål for store og små.

Overnatting på Kinn

Utanom å overnatte i telt eller under open himmel er det to hus til leige på Kinn.

Kinnaspelet

Kinnaspelet ønskjer velkommen til teateret ved havet, to dagar i juni. Kinnaklova og den gamle steinkyrkja er ramma for det historiske spelet «Songen ved det store djup». Kinnaspelet er eit av dei eldste spela i landet – med oppstart i 1985.

Kinnaspelet - kinnakyrkja.no

Pilegrim på Kinn

Sunnivaleia - kinnakyrkja.no

Kvart år vert det arrangert vandringar i Sunnivaleia, gjerne med Seljumannamessa i klosterruinane på Selja som mål. Leia knyter saman dei to heilage øyane Kinn og Selja. Ho går langs kysten frå Florø, via Kinn, over Bremangerlandet til Rugsund, via Vågsøy og til Selje. Prest og naturguide er med på dei organiserte vandringane.

verdiseglas Seljumannamesse - kinnakyrkja.no
  • Seljumannamesse 1000 år

Feiringa blir markert med ein jubileumsseglas mellom Florø, Selje, Måløy, Kalvåg og Kinn helga 5.-8. juli 2024 med veteranbåten MS Atløy.

Denne seglasen inngår som ein etappe i ein verdiseglas langs heile Kystpilegrimsleia 2024, og er også ein del av jubileumsstafetten fram mot Nasjonaljubileet Norge i 1000 år.

Seljumannamesse – Selje kloster

Kyrkjekultur Vest

Destinasjonen Kinn

Heilt ute i havgapet finn du den irrgrøne, grasdekte øya Kinn, med Kinnakyrkja og Kinnaklova, skriv Visit Fjordkysten og Sunnfjord på sine sider. Øya har ein vill og flott natur å by på. Her kan ein bestige Kinnafjellet eller den særeigne Kinnaklova, gå langs sjøen og inn i holer i fjellet.

Kinnakyrkja er eit naturleg turmål for alle.

kinnakyrkja.no - øya Kinn i Kinn kommune

Fjordguiden

Fjordguide / fjords.com er ei privat nettside som omhandler fjordane på Vestlandet. Her finn ein eit kapittel om Kinn.

fjords.com/kinn har mange flotte bilde og filmar frå Kinn.